Vis meny

BOKBAD: Kjære Sogn og Fjordane



Velkommen til bokbad og presentasjon av boka «Kjære Sogn og Fjordane» måndag 16. november kl.  19.00 på Førde bibliotek.

Forfattaren Rolf Losnegård og kunstnaren Arnstein Mygland har – eller må vi seie hadde? – begge eit nært forhold til fylket Sogn og Fjordane. Dei kjenner både folket, historia og landskapet. Kva er det eigentleg med oss og gode gamle Sogn og Fjordane? Har dei funne svaret på det i arbeidet med boka?

Etter bokbadet blir det salsutstilling av akvarellane og teikningane som er laga til boka i utstillingssalen.

Gratis inngang.
Sal og signering.

På grunn av Covid-19 er det er berre plass til 25 personar i biblioteket. Vi ber difor om at du melder deg på til e-post bibliotek@sunnfjord.kommune.no eller ringer biblioteket på telefon 57 72 19 09. Frist for påmelding er torsdag 12. november.

Arrangørar: Selja Forlag og Førde bibliotek.

Du kan lese meir om boka her.