BOKSLEPP: Metha i Lida: Ingen må vite det

Metha i Lida
Ingen må vite det
Metha i Lida har som tenåring ein klar plan for framtida. Ho skal bli lege, kjøpe hus og stifte familie. Ein djup depresjon, som ho gjer alt ho kan for å skjule, set alle planar på vent. 24 år gammal forsøker ho å ta livet sitt.
Kva går gjennom hovudet til Metha i sekunda før ho prøver å ta livet sitt? Korleis går det med henne når ho overlever og må starte på nytt etter å ha fått diagnosen bipolar type 2? Metha inviterer oss inn i psyken sin, når ho er så langt nede som det er mogeleg å komme.
I boka gjev ho eit brutalt og ærleg bilete av depresjon, hypomani, suicidalitet og psykisk helse.
Velkommen til bokslepp på Førde bibliotek torsdag 24. oktober kl 19.00
Presentasjon av boka
Sal og signering
Gratis inngang
Arr: Førde bibliotek og Selja Forlag