Vis meny

BOKSLEPP: Sonetapet - og andre kvad etter Egil Skallagrimsson



KULTURKVELD OG BOKSLEPP

Ny bok: SONETAPET - og andre kvad etter Egil Skallagrimsson
Gjendikta av Odd Jarle Kjørstad

Gjenhøyr med: GILGAMESH - kongen som nekta å døy
Gjendikta av Rolf Losnegård

Torsdag 17. okt. 2019 kl 19.00. Gamle kommunehuset (Studio Nova) i Dale

Presentasjon av den nye boka Sonetapet. 
Einmannsteater Gilgamesh - kongen som nekta å døy. 
Samtale om fortidas dikting og diktarar. Korleis gjendikte og formidle dei evige sanningane? 
Og kva var det med Dalsfjorden og Island? 

Sal og signering 
Enkel servering 
Gratis inngang. 

Alle velkomne!

Arr: Fjaler Sogelag og Selja Forlag

Odd Kjørstad frå Dale har gjendikta klassiske dikt frå den tidlege norrøne tida. Kjørstad har eksamen i islandsk frå Universitetet i Bergen. Islendingen Egil Skallagrimsson (kring 910-990) er den mest namngjetne norrøne skalden, og kvada hans er eineståande augevitneskildringar frå 900-talet, mykje frå Vestlandet.

Rolf Losnegård frå Holmedal kom i 2017 med boka Gilgamesh, der han gjendiktar verdas eldste epos, 5000 år gammalt, som vart skrive på leirtavler i det gamle Mesopotamia. Handlar om dei store spørsmål i livet, som Losnegård levandegjer i sitt eige einmannsteater.