Kvar blir det eigentleg av bæsjen og tissen som går i do, og kva kan det brukast til? Det er slikt Alfred Bamse forskar på i si nye bok. «Alfred Bamse bæsjar» er den fjerde boka om den nysgjerrige bamsen, ført i pennen av Kurt Rutledal, eller «manageren» som han kallar seg. - Ideen dukka opp då eg høyrde om ein gut som ikkje likar å lese bøker. På spørsmål om kva ei bok måtte handle om for at han skulle få lyst til å lese, var svaret: Kloakk. Seinare fekk eg høyre at dei som tømmer septiktankar stadig får spørsmål frå barnehagar om kvar det blir av det som er i tanken. Ungane lurer på slikt, seier Rutledal. Etter kvart balla det på seg, og den ferdige boka handlar om mykje meir enn kloakk. Etter å ha sjekka korleis tarmane fungerer og vore med dei som tømmer septiktankane ut på jobb, følgjer Alfred stega bæsjen må gjennom for å bli til fin plantejord eller biogass. Han forskar òg på korleis vatn blir reinsa før det kjem ut i springen som drikkevatn - og mykje meir . Forskinga tek han til Førde, Stryn, Sløvåg og Bergen. - Det var vore veldig interessant og lærerikt å jobbe med denne boka, her er det mange prosessar eg ikkje visste om. Gjenvinning er ein storindustri som berre dei som jobbar der kjenner til, seier Rutledal. Han meiner boka, utgitt på Selja Forlag, inneheld informasjon som er nyttig for alle, frå barnehageborn til folk som er så gamle som dei kan bli. - Dei som jobbar med dette ser kor viktig det er å få ut informasjon om alt som ikkje skal i do - til dømes medisinar og q-tips. Det forureinar, øydelegg utstyr og lagar mykje plunder. Dei vaksne er det gjerne for seint å lære opp, difor må ungane trå til. Gjenvinningsanlegget i Sløvåg vil dele ut boka til barnehagane i heile området der dei hentar kloakk for å lærer ungane god doskikk, seier Rutledal. Han fortel at arbeidet med boka har vore ein vekkar. - Det er skremmande å sjå kor mykje skade ein kan gjere både på miljø og utstyr når ein kastar slikt som ikkje høyrer heime der i do. Når gamle 60-åringar som meg har lært noko, må det vere noko nyttig å hente for andre òg, meiner Rutledal. - Kva respons har du fått på boka? - Ein kar sende meg meldinga: «Dritbra!». Og det blir vel slik - det er ei dritbok uansett om du likar ho eller ikkje.