Ny OPPTUR-bok på haustlista

Kva kunne skje med ein gut som vaska golvet for mor si i ei tid der menn ikkje tok i ei vaskefille? Og kva skjedde då jølstringane reiste til Amerika, sunnmøringane begynte å lage møblar og det kom motor på fiskebåtane i Bremanger? Alt dette og meir til kan du lese om i dei ni nye bøkene som kjem ut på Selja Forlag i haust. Og blir du lei av å sitte inne og lese, kjem det også nye bøker du kan ta med ut i naturen.
Fjellturar og turar i skog og mark er populært som aldri før, og i år har tidlegare Firda-journalist Stig Roger Eide skrive “Opptur indre Sunnfjord. 166 fotturar i Naustdal, Førde, Jølster og Gaular.”
- Vi har fått veldig mange spørsmål om vi kan lage ei bok, som viser alle dei fantastiske turane som finst i dette området, og i november kjem ho. Heile 128 av 166 turar er heilt nye. 38 var med i “Opptur Sogn og Fjordane”, men dei har fått nye og oppdaterte tekstar og bilete, fortel forleggjar Torkjell Djupedal.
Leik og latter er viktig for folkehelsa, og i boka “Syng og leik i lag. 65 songleikar for store og små” har Astri Sudmann samla kjende og kjære songleikar pluss nokre nye. Alle leikane er utstyrte med notar, tekst, bilete og enkel rettleiing.
Kurt Rutledal kjem med si fjerde bok om bamsen Alfred, som likar å forske på ting. I “Alfred Bamse bæsjar” undersøkjer han kva som skjer med tissen og bæsjen vår etter at vi har vore på do, og korleis kloakk kan gjenvinnast og brukast til fornuftige ting.
- Vi har i år to romanar på boklista. Den eine er “Dama” av den kjende dramatikaren Norvald Tveit med handling frå eit ganske typisk lite samfunn i bygde-Noreg, der sladderen kan få stygge konsekvensar for eit menneske. Boka er både sår og humoristisk, og sjølv om Tveit no er i sitt 91. år, så er formidlingsevna like god og presis som før. Den andre er biografiromanen “Meister Geble” av Brynhild Mehammer, som handlar om Geble Pederssøn som var den siste katolske og den første protestantiske biskopen i Bergen stift, seier Djupedal.
Selja Forlag ønskjer å få fram lokale bøker frå Vestlandet, og har også i år bøker frå både Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Stig Årdal skriv om utvandringa frå Jølster til Amerika i siste halvdel av 1800-talet. Eldar Øyehaug Høidal og Kjetil Tandstad om møbeleventyret på Sunnmøre, og Oddmund Hus om Lofthusmålarane Bernhard Greve, Margrethe Koch og Ole B. Eyde, tre kunstnarar som slo seg til i Lofthus i Hardanger i første halvdel av 1900-talet. Magnus Helge Torvanger skriv fiskerisoga for Bremanger.
- Dette er spennande bøker som viser kva som skjedde med desse samfunna over tid. Dei som reiste til Amerika måtte bygge opp både hus og heim og skaffe seg eit nytt levebrød i eit land dei ikkje kjende. Møbelhistoria til sunnmøringane begynte i ein kjellar på Stranda, og no 110 år seinare, sjølv med konkurranse frå utanlandske billigmøblar, er næringa framleis innbringande. Bremanger har vore ein av dei største fiskerikommunane i Noreg, og “Der Havbåra bryt. Fiskerisoge for Bremanger” fortel om fiskerinæringa på sjø og land frå dei første fiskebåtane fekk motor og fram til i dag, avsluttar Djupedal.
(Pressemelding 12.09.18)
Alle dei nye bøkene kan du lese om og bestille i fana "Nye bøker" i menyen til venstre.