Vis meny

Delte ut 700 bøker i gåve til elevane



Bokgåve på avslutningsfesten: Festkledde ungdommar på Hafstad vidaregåande skule sette pris på bokgåva frå mållaga og Selja Forlag. Frå venstre Daniel Ramsli, Veslemøy Øvrebø, Silje Hestad Navelsaker, Nathalie Johnsen og Sara Opdal Bakkelid.

Reis ut i verda, men hald på dialekta di og nynorsken - og kom gjerne heim til slutt.
Det var oppfordringa frå Sogn og Fjordane Mållag, Førde Mållag, Jølster Mållag, Naustdal Mållag og Selja Forlag, då dei delte ut “Ete fysst. 18 forteljingar om Sunnfjord” til alle dei 700 avgangselevane på Dale vgs, Hafstad vgs, Mo og Øyrane vgs og Flora vgs.


- I "Ete fysst. 18 forteljingar om Sunnfjord"€ er det forteljingar om røter og oppvekst, om å reise og å komme heim. Vi håpar at same kvar du hamnar, så vil du hugse kvar du kom i frå. Vi håpar også at du tek vare på den vakre dialekta di og at du brukar nynorsk som skriftspråk, sjølv om kollegane på ein framtidig arbeidsplass gjer noko anna, skriv Sogn og Fjordane mållag, Naustdal mållag, Jølster mållag, Førde mållag og Selja forlag i helsinga som ligg ved bokgåva.

Boka “ Ete fysst” er eit resultat av at 18 forfattarar og skribentar fekk stikkordet «Sunnfjord» og vart utfordra til å skrive ein personleg tekst. Resultatet vart ei fargerik samling forteljingar om alt frå det heilt nære og personlege til sprelsk galskap, humor - og ein liten dose grøss og gru. Bidragsytarane kjem frå Sunnfjord, har flytta til Sunnfjord eller kjenner seg på ulikt vis knytte til distriktet. Nokre av røystene er nye, andre er prislønte og har skrive bøker nok til å fylle ei bokhylle på eiga hand. Dei 18 er: Gunnar Garfors, Heidi Hattestein, Terje Hellesen, Agnete Haaland, Marita Liabø, Idun Losnegård, Eldrid Lunden, Vidar Nupen, Hans Sande, Katrine Sele, Gunnar Staalesen, Rune Timberlid, Jorunn Torsheim, Fridtjov Urdal, Maria Tryti Vennerød, Sissel Værøyvik, Ole Johannes Øvretveit, og Ronny Brede Aase.

- Skal nynorsk overleve som målform, er det viktig med gode ambassadørar. De som er unge og skal ut i verda, er dei beste ambassadørane vi kan få, sa leiar i Sogn og Fjordane Mållag, Hallstein Dvergsdal til elevane på Hafstad vgs som introduksjon til bokgåva. Han peika også på det presset nynorsk kjempar mot frå alle kantar, ikkje minst frå sosiale medium.
- Difor er det viktig at de tek vare på målforma dykkar, den vakre dialekta, og at de står på rettane dykkar når det gjeld språk, sa mållagsleiaren.
Elevane fekk også helsing frå ein av forfattarane, Ronny Brede Aase, ei ung og prisbelønt radiostemme, som har vist at dialekt og nynorsk ikkje er noko hinder for å lukkast.

- Uansett kor og kva du skal, sørg for å nyte det så hardt du klarar. Og sørg for å skryte av kor du kjem frå. Der ute i den store verda er Sunnfjord ganske eksklusive saker. Tol at dei nye venene dine seier «hæ?» når du pratar den vakre dialekta di i starten. Dei må berre få utvide horisonten sin, og taklar det kjempebra etter kvart, skriv Brede Aase, betre kjend som P3 Ronny, til elevane.


20180625_131312_bilete_2_maallaget_ete_fysst__mg_5469_jenter_mo.jpg

Ut i verda: Etter å ha gått hestelinja på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo, flyttar Mariell Vik Fureli frå Vadheim til Kristiansand og Martine Kvamme frå Sandane til Mallorca. Vi får tru at “Ete fysst” blir med på flyttelasset, slik at dei har noko å lese i om heimlengten blir for stor.

20180625_131328_bilete_3_maallaget_ete_fysst__mg_5456_td,_elevraad,_gunnhild.jpg

Takkar for gåva: Jonas Haugsbø frå Kyrkjebø, leiar i Elevrådet på Mo og Øyrane vgs, avdeling Mo, takkar forleggjar Torkjell Djupedal i Selja Forlag og Gunnhild Systad frå Førde mållag for boka.

20180625_133215_bokutdeling_oyrane_vgs_mindre.jpg

Sommarlektyre: Elevar på Øyrane var godt nøgde med å få bok med seg heim.

20180625_133232_bilete_4_arne,_ab._norunn,_ingrid_ete_fysst_3_mindre.jpg

Spleiselag: I alt 700 bøker vart delt ut til avgangselevane på dei vidaregåande skulane i Sunnfjord med helsing frå Sogn og Fjordane mållag, Naustdal mållag, Førde mållag, Jølster mållag og Selja Forlag. Her eit bilete får pakkinga av bøkene. Frå venstre Arne Kleiva (Naustdal mållag), Anne Britt Fedøy (Selja Forlag), Norunn Ulvedal (Førde mållag) og Ingrid Søyland (Jølster mållag).

(Pressemelding Selja Forlag 25.06.18)


Dersom du vil kjøpe eit eksemplar av denne fine boka, så kan den bestillast her.