Vis meny

Hurra! Torkjell er 60 år



Forleggjar og nynorskforkjempar Torkjell  Djupedal, rundar 60 år i dag, 6. april 2017. Han kom til verda nøyaktig 100 år etter Per Sivle, ein av dei store nynorskforfattarane våre.

Vi feirar bursdagen med å setje ned prisen på Per Sivle si bok "Berre ein hund" til  kr 60,- (ord. pris kr 198,-). Tilbodet gjeld berre i dag.

"Berre ein hund" er ein av Sivle sine mest kjende tekstar, ei gripande forteljing om vennskapen mellom guten Per og hunden Hall.

I vår utgåve av boka er forteljinga litt nedkorta og omskriven av Jens Brekke (t.h. på biletet), slik at den passar betre for born.  Du kan lese meir om boka og bestille her.

Vi ynskjer Torkjell til lukke med den store dagen!