Boka skal vere humoristisk, men det er ikkje meininga å latterleggjere nokon.
– Vi ønsker berre å fortelje om forunderlege hendingar som er langt frå kvardagen til oss andre. Eg trur mange har ei naturleg nysgjerrigheit om kva som føregår innanfor murane, fortel Jens Brekke til avisa
Firda.
Brekke og Mygland har prata med tidlegare og noverande fengselsvakter og folk som bur i Vik.
– Der har vore dei mest forunderlege forviklingar og kulturkollisjonar, og sidan det er eit lite fengsel kjem dei som arbeidar der tett innpå fangane. Det er mange som sit med gode historier, og det er desse vi vil fortelje i boka, seier Brekke.
Har du noko å melde så ta kontakt med Jens Brekke på mobil 915 25 682.
Jens er forfattar og Arnstein vil illustrere boka. Dei har tidlegare jobba saman med boka "Dei seie so...om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen"