Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Møtet med Hans Nielsen Hauge

Historia om Anna frå Voss og Bertel frå Naustdal





Redaktør/forfattar: Russøy, Egil

ISBN: 9788282400619

Utgitt: 2012

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 174

Mål/vekt: 17x24 cm / 673 g

Facebook Twitter


Hans Nielsen Hauge (1771-1824) er den viktigaste lekpredikanten landet har hatt. Han virka mellom 1796 og 1804, i ei tid der det var ulovleg for lekmenn å reise rundt å halde samlingar. Mange av dei som møtte han, fekk liva sine endra, både i forhold til livssyn og verdsleg virke. Mellom desse var Anna Berge (1781- 1859) frå Voss og Bertel Ullaland (1779 -1847) frå Naustdal i Sunnfjord.

I boka følgjer vi Bertel og Anna gjennom oppveksten, møtet deira med Hans Nielsen Hauge, og vidare til haugianarmiljøet på Svanøy i Sunnfjord. Her fann Bertel og Anna saman, og kanskje var det Hauge som rådde dei to til å gifte seg med kvarandre.

For haugianarane gjekk det åndelege og det daglege hand i hand. Ein stor del av historia omhandlar difor levekåra for fiskarbonden i Sunnfjord i første halvdel av 1800-talet.

Historia om Bertel og Anna viser også korleis haugianarane utvikla seg frå å vere ei forfølgd gruppe til å bli viktige aktørar i samfunnsutviklinga i Noreg på 1800-talet.




Kr 328,00

Legg i handlekorg