Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Nikka Vonen

Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne





Redaktør/forfattar: Hekneby, Greta af Geijerstam

ISBN: 9788282400237

Utgitt: 2010

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 288

Mål/vekt: 15x21 cm / 584 g

Facebook Twitter


Nikka Vonen (1836-1933) frå Dale i Sunnfjord var ein markant kulturperson i Fjaler i nesten hundre år, og sette spor etter seg på mange felt: ho var ivrig folkeminnesamlar, ho var målkvinne, fjellvandrar, og ikkje minst, ho grunnla og dreiv ein av dei fremste privatskulane i landet.

"Pigeinstituttet" var i drift frå 1871 til 1907 og var ein skule for jenter frå ressurssterke familiar over heile landet. Mellom anna gjekk ei av døtrene og tre sonedøtre til Bjørnstjerne Bjørnson på skulen, og Nikka Vonen hadde omfattande brevveksling med både Bjørnson og ei rad andre kjende kulturpersonar i samtida. "Det er ikkje mange sunnfjordingar som har vorte så namnfræge som Frøken Nikka Vonen", skreiv Ragnvald Fagerheim om Nikka Vonen på 96-årsdagen hennar.

Denne boka er den første biografien om denne vidgjetne og viktige kulturpersonen frå Fjaler. Forfattaren har fått tilgang til brev og andre kjelder som tidlegare ikkje har vore granska. Boka inneheld også eit breitt utval tekstar etter Nikka Vonen, også tidlegare upublisert materiale. Boka er rikt illustrert.




Kr 348,00

Denne boka er utseld