Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Vendepunktet

Henrik Ibsen på Sunnmøre 1862





Redaktør/forfattar: Landmark, Einar

ISBN: 9788282400541

Utgitt: 2012

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 256

Mål/vekt: 17x24 cm / 853 g

Facebook Twitter


Sommaren 1862,150 år før denne boka kjem ut, reiste Henrik Ibsen på samlarferd til Sunnmøre for å samle segner og anna folkeminne. Før han reiste var livet svært vanskeleg: han var nedsylta i gjeld, teatret gjekk mot konkurs, han mista arbeid og inntekt, han fekk ikkje det litterære arbeidet unna, han hadde alkoholproblem og helseproblem, og familien hadde til tider for lite mat. 

Denne boka skildrar Ibsens liv før samlarferda, fortel om opplevingane hans på Sunnmøre og argumenterer med at den 6-7 veker lange reisa vart eit vendepunkt for den store diktaren. 

Han samla segner og lokalhistorisk stoff, fann tema og rollemodellar han seinare brukte i stykka sine, og fekk inspirasjon til diktarvegen vidare. 

Forfattaren har funne mange spor frå Sunnmørsturen i dei verka Ibsen skreiv etter reisa. Sjølv ivrige lesarar av Ibsenbiografiar vil finne nye opplysingar om Ibsen i denne boka.

 Dessutan er det medteke mykje lokalhistorie frå Sunnmøre.




Ordinær: Kr 348,00
Kr 98,00

Legg i handlekorg