Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Eiksundsambandet

Visjonen som vart verkeleg





Redaktør/forfattar: Amdam, Jørgen / Tvinnereim, Jon

ISBN: 9788282400602

Utgitt: 2012

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 304

Mål/vekt: 22x28 cm / 2000g

Facebook Twitter


Eiksundsambandet er det ferjefrie sambandet mellom øyane på ytre Søre Sunnmøre og fastlandet i Ørsta/Volda. Planlegging av dette sambandet tok til i 1960-åra, men først etter tretti år med førebuing og politisk kamp vart planen godkjend av Vegdirektoratet i 1997. Tre år etter gjekk prosjektet gjennom i Stortinget, og sambandet vart bygd i åra 2003-2008.

Eiksundsambandet er 15 kilometer med veg, bru og tunnel. Mest kjend er den 7765 meter lange undersjøiske tunnelen mellom øya Eika i Ulstein kommune og Sørheim på fastlandet i Ørsta kommune. Dette var ved opninga 23. februar 2008 verdas djupaste undersjøiske tunnel, heile 287 meter under havoverflata på det djupaste.

Denne boka fortel om den seige kampen for å gjennomføre prosjektet, mot mange odds, og om den suksessen Eiksundsambandet er blitt. Trafikken har vore langt større enn venta, både når det gjeld pendling, tungtrafikk og fritidsreiser. Dei 43.000 innbyggjarane i "Eiksund-regionen", Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda er knytt tettare saman. Eiksundsambandet har saman med Kvivsvegen mellom Volda og Hornindal (opna i september 2012) skapt ein ny reiseakse frå ytre Sunnmøre til indre Nordfjord og vidare austover.   




Kr 398,00

Legg i handlekorg