Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Gripen av Grønland

I spora til far 63 år etter





Redaktør/forfattar: Karlsbakk, Turid

ISBN: 9788282400558

Utgitt: 2012

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 104

Mål/vekt: 21x26 cm / 636 g

Facebook Twitter


Ved midnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten «Hird» frå land i Ålesund med seks fangstmenn ombord. Dei var klare for å erobre ukjende jaktområde på Nordaust-Grønland, og få oppfylt draumane sine om rikdom.

Men alt gjekk ikkje heilt etter planen. Eitt år vart til to, og dei fekk prøve ut eigne grenser både fysisk og psykisk gjennom ugjestmilde møte med vintervêr.

Ein av mennene var Jonas Karlsbakk frå Mauseidvågen. Kvar dag i åra han overvintra i Eirik Raudes Land skreiv han i dagboka si. Fullskrivne kladdebøker med vêrobservasjonar og dokumentasjon over hendingar. Dette gjev eit levande bilete av kva fangstmennene gjorde på Grønland og korleis dei overlevde i åra frå 1927 til 1930.

I 1990 var dottera, Turid Karlsbakk, så heldig å få vere med eventyraren Ragnar Thorseth på det som vart annonsert som «ein fotosafari i spora etter dei gamle fangstmennene på Nordaust-Grønland». Dette vart hennar livs seglas.

Boka er rikt illustrert med bilete både frå Jonas og Turid Karlsbakk sitt opphald på Grønland.




Ordinær: Kr 298,00
Kr 125,00

Legg i handlekorg