Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

I dag såg eg to spadar




Redaktør/forfattar: Sande, Hans

ISBN: 9788282400534

Utgitt: 2012

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 112

Mål/vekt: 16x24 cm / 461 g

Facebook Twitter


Skjønnlitterær kunstbok; dikt og fotografi av skulpturar i tre og jarn.

Hans Sande er psykiater, bildekunstnar og forfattar med over femti boktitlar bak seg. No har han lagt alle talenta sine saman og skapt ei kunstbok utanom det vanlege. Det er blitt ei forunderleg verd av skulpturar og dikt, jarn og tre, draum og slit.

Inspirert av Olav H. Hauge sine tingdikt om ljåen og saga, har Sande gitt nytt liv til gamle og rustne slitarar av alle slag. Ole Fretheim har fotografert denne samlinga av underlege skapningar. 

Til kvar skulptur er det eit dikt eller ein prosatekst som fortel om det livet reiskapane har levd, eller om den draumen dei ber på…

Då eg vakna
var verda omsnudd
Spadar og grev sprang omkring
som spretne gudar
og eg låg med mold i munnen





Kr 198,00

Legg i handlekorg