Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Skikompis

Snøskred og trygg ferdsel





Redaktør/forfattar: Nes, Christer Lundberg

ISBN: 9788282400633

Utgitt: 2013

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Mjukbind med klaff

Sidetal: 192

Mål/vekt: 15x21 cm/ 442 g

Facebook Twitter


SKIKOMPIS er boka som viser deg korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Lær deg å forstå terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege situasjonar. Boka gir også rettleiing i effektiv kameratredning, om uhellet er ute. Boka fortel òg korleis du skal forstå og nytte skredvarsel. 

SKIKOMPIS handlar om å vere minst to personar på tur. Ferdselsråd, køyremønster og redning heng direkte saman med terrenget og kor mange som går i lag. Boka er svært praktisk og har eit vell av kunnskap og gode råd.

SKIKOMPIS er boka for alle som likar seg utanfor oppkøyrde løyper, driv fjellskiløping, går toppturar eller køyrer offpiste.

Kunsten er å finne den tryggaste linja - med den beste snøen!

- Boka vert blant anna brukt som pensumbok på Norsk Fjellsportforum sine skredkurs. Den er svært praktisk i si tilnærming og formidlar kva ein bør observerer av vêr, fareteikn, utføre av kjapptestar når ein er i fjellet med vekt på vakne vegval. Stoffet er sett saman på bakgrunn av mi erfaring som friluftslivsrettleiar (formidling), tindevegleder (fjellføring og kurs) og skiglad vinterentusiast, fortel forfattar Christer Lundberg Nes.

Forordet i boka er skrive av Nils Faarlund.




Kr 378,00

Legg i handlekorg