Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Dronning Ingerid og bisp Nikolas




Redaktør/forfattar: Gjerland, Berit / Hervik, Frode / Nedrebø, Yngve

ISBN: 9788291722689

Utgitt: 2006

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 176

Mål/vekt: 21x28 cm / 984 g

Serie: norsk mellomalder

Facebook Twitter


Ingerid Ragnvaldsdotter (fødd kring 1110) var svensk prinsesse, gift fire gonger med danske og norske stormenn og spelte ei viktig rolle i den kaotiske borgarkrigstida  på 1100-talet. Ho fekk ni søner, åtte av dei vart drepne i nordiske borgarkrigar. To av dei vart kongar, to vart hertugar og to vart jarlar. Ingerid og kong Harald Gille fekk sonen Inge Krokrygg, som var norsk konge i 25 år. 

I sitt fjerde ekteskap med lendmannen Arne på Stårheim, kom ho til Nordfjord. Sonen Nikolas Arnesson (kring 1150-1225) vart biskop i Oslo og kong Sverres fremste motstandar.  Han stifta baglarpartiet, og er rekna som ein av dei største politikarane i si tid. Stårheimsætta spelte ei viktig rolle vidare i norsk mellomalder, og systersonen til Nikolas og barnebarn av Ingerid, Filippus Simonsson, var baglarkonge 1207-17. 

Ei eventyrleg historie om mor og son djupt innblanda i maktkampar og krigføring i borgarkrigane i Norden. Rikt illustrert med kring 120 foto, teikningar og kart. 






Ordinær: Kr 348,00
Kr 198,00

Legg i handlekorg