Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Ingólfr

Norsk-islandsk hopehav 870-1536





Redaktør/forfattar: Gjerland, Berit / Losnegård, Gaute / Sigurðsson, Jón Viðar

ISBN: 9788291722504

Utgitt: 2005

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 256

Mål/vekt: 21x28 cm / 1261 g

Serie: norsk mellomalder

Facebook Twitter


Ingolf Arnarson er rekna som den første landnåmsmannen på Island. Han kom frå Dalsfjordområdet i Sunnfjord til Island kring  år 870. Sidan kom kanskje 10 000 innvandrarar til, dei fleste nordmenn, og grunnla ein nasjon som i stor grad var prega av det norske opphavet. 

Denne boka fortel den felles historia Noreg og Island har, frå landnåmstida og fram gjennom mellomalderen til nyare tid. Utvandrarane kom i hovudsak frå norskekysten, med Vestlandet som eit tyngdepunkt. 

Boka fortel om norsk vikingtid, om vikingskipa og ferda over havet, og om busetjing og organisering av eit nytt samfunn på Island. Det er ei fascinerande, spennande og eineståande historie: I nyare historisk tid har ikkje eit så stort, folketomt landområde i Europa blitt busett og teke i bruk med det resultat at ein nasjon og eit samfunn vart oppretta. Ikkje noko land i verda kan vise til liknande opphav som Island. 




Kr 348,00

Denne boka er utseld