Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

OPPTUR Jotunheimen (norsk utgåve)

125 fotturar





Redaktør/forfattar: Loftesnes, Finn

ISBN: 9788282400060

Utgitt: 2009 (3. revidert opplag 2015)

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Fleksibind

Sidetal: 304

Mål/vekt: 13x24 cm / 610 g

Serie: Opptur

Facebook Twitter


OPPTUR Jotunheimen tek deg med på tur i det største og høgste samanhengande fjellområdet i Noreg. Jotunheimen byr på dramatisk og storfelt landskap, fantastisk naturrikdom, men har også eit omfattande nett av merka ruter og hytter for overnatting.

OPPTUR Jotunheimen inneheld 125 turar, i fjellheimen som er avgrensa av Vangsmjøse i sør, Sognefjellet i vest, Vågåvatnet i nord og Valdresflya i aust. Her er både klassikarar som Besseggen og Galdhøpiggen, så vel som umerka ruter i urørd natur. Her er toppturar, turar mellom hyttene og korte turar. Alle rutene er teikna inn på flyfoto, og har fyldig omtale, faktaboksar og GPS-informasjon.


OPPTUR Jotunheimen kjem her i revidert utgåve, der alle rutene har vanskegradar i det nye internasjonalel systemet som Den norske turistforening har teke i bruk. Oppdatert informasjon også om hyttene og nye kart.





Ordinær: Kr 0,00
Kr 398,00

Legg i handlekorg