Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Anders Svor

Bilethoggaren frå Hornindal





Redaktør/forfattar: Fænn, Inge

ISBN: 9788282400848

Utgitt: 2014

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 144

Mål/vekt: 22x24 cm / 774 g

Serie: Kunstnarbiografi

Facebook Twitter


Anders Svor (1864-1929) var ein av dei fremste norske bilethoggarane i si tid, og ein av få norske kunstnarar som har fått sitt eige museum, i heimbygda Hornindal i Nordfjord, opna 1953.

Svor gjekk i lære både i Kristiania, København og Paris. Frå 1895 budde og arbeidde han i Kristiania/Oslo. Gjennombrotet kom i 1891 med gullmedalje for skulpturen «David» i Berlin. I 1892 vann han tevlinga om Tordenskiold-monumentet. Svor var i alle år svært produktiv og sikta høgt, med tallause oppdrag og utstillingar i Noreg, Tyskland, Frankrike, England, Sverige, Danmark, USA og Brasil.

Anders Svor sine skulpturar er i naturalistisk stil, uttrykksfulle, vare og vakre. Han laga òg byster og skulpturar av kjende personar innan norsk kultur, politikk og samfunnsliv. Mange av kunstverka står utandørs i Oslo og andre norske byar og bygder.

Boka fortel også historia om Anders Svor Museum i Hornindal, som har dei fleste av Svor sine arbeid. 

Boka er rikt illustrert og inneheld verkliste over Anders Svor sine arbeid.




Kr 348,00

Legg i handlekorg