Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Historia om Flora 3

Vendt mot havet 1945-2017





Redaktør/forfattar: Losnegård, Gaute

ISBN: 9788282401265

Utgitt: 2017

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 296

Mål/vekt: 22x28 cm / 1450 g

Serie: Historia om Flora

Facebook Twitter


Kystsamfunnet Flora har ei historie etter andre verdskrigen like vekslande som vestlandsvêret. Storm har avløyst stille, men mørke skyer har atter måtta vike for sola. Silda blei borte etter dei gylne åra 1948 - 57, men Ankerløkken bygde seg opp som det store industrilokomotivet i Sunnfjord. Skipsbyggingsindustrien sleit etter kvart i tung motvind, men oljealderen gjorde sitt inntog og skapte nye arbeidsplassar. Fiskarane blei færre, men det vart mange fleire av den tamme laksen som sumde omkring i merdar.

Historia om Flora bind 3 tek for seg perioden frå 1945 til 2017 og dei store endringane byen og omlandet har gått gjennom i denne perioden. Nye velferdstiltak og ny teknologi har sett sitt preg på dagleglivet i Flora, og renessansen for kystkulturen har skapt høgare kulturelt sjølvmedvit. Samtidig har strukturen i næringslivet gjort folket her meir utsette for økonomiske svingingar enn mange andre stader. Boka følgjer Florasamfunnet både i oppgangstider og på nedturar. Ho er rikt illustrert.






Kr 398,00

Legg i handlekorg