Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Hjerneslag

Kampen min for eit verdig liv





Redaktør/forfattar: Sandnes, Steinar

ISBN: 9788282401173

Utgitt: 2017

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 112

Mål/vekt: 18x22,5 cm / 357 g

Facebook Twitter


I april 2015 vart Steinar Sandnes råka av hjerneslag. Som logoped har han jobba tett med slagpasientar, no vart han sjølv pasient. Han hadde sett fram til ein kvardag som aktiv pensjonist, men hamna i ei sjukehusseng - delvis lamma og med store smerter.
Sandnes veit godt at kvart minutt tel når du får slag. Likevel skulle det ta ca. 30 timar frå AMK (113) vart kontakta til han låg på operasjonsbordet ved Haukeland universitetssjukehus.
I denne personlege boka skildrar han det fysiske og psykiske omfanget av eit hjerneslag, og sitt møte med helsevesenet - på godt og vondt.
Sandnes fortel om den knallharde jobben som måtte til for å komme seg på føtene igjen, og om samarbeidet med sjukehus, spesialisthelsetenesta og det kommunale hjelpeapparatet. Og ikkje minst viser boka verdien av systematisk eigentrening. Verdien av å aldri gi opp!
Boka vil vere ei god støtte til familiar som blir ramma av slag, for organisasjonar, opplærings- og behandlingsinstitusjonar, og det kommunale hjelpeapparatet.

«Eg gir meg aldri - og ikkje då heller!»
Steinar Sandnes



Ordinær: Kr 298,00
Kr 149,00

Legg i handlekorg