Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Båtar med sjel I

78 fiske- og fraktebåtar frå Vestlandet





Redaktør/forfattar: Toft, Malvin

ISBN: 9788282401159

Utgitt: 2017 (2. utgåve)

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 192

Mål/vekt: 22 x 28 cm /900 g

Serie: Båtar med sjel

Facebook Twitter


Det seiest at skal ein skrive lokal kysthistorie, må ein starte med historia om båtane til kystfolket. Kanskje det, for gamle båthistorier fortel om ei tid og eit levesett som berre er nokre ti-år borte, men likevel er så fjernt frå våre dagars overflodssamfunn at ein stundom må lure på om utviklinga har gått litt for fort.

Denne boka handlar om 78 slike gamle båtar frå Vestlandet, båtar som forfedrane våre bestemt hevda var mykje meir enn berre eit tomt skal. Båtane var akkurat som mennesket: Dei hadde sjel. Her finn du historier om seglskuter, dampbåtar og motorbåtar, frå «Havsulen», bygd før 1860, til «Frøyabuen» bygd i 1958. Her er fiskebåtar og fraktebåtar, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Det båtane har til felles er at alle har høyrt heime på Vestlandet, frå Rogaland til Nordmøre.

«Båtar med sjel I» inneheld:
- omtale av kvar einskild båt og dei som har arbeidd ombord
- skildringar av livet ombord, kvardagsliv og dramatiske hendingar
- grundige faktaopplysningar om kvar båt
- eit eineståande biletmateriale med over 150 gamle foto

Ny og revidert utgåve





Kr 368,00

Denne boka er utseld