Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Bokpakke: Historia om Flora 1 + 2




Redaktør/forfattar: Losnegård, Gaute

Utgitt: 2012, 2016

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 808

Serie: Historia om Flora

Facebook Twitter


Historia om Flora 1 tek deg med på ei reise i tekst og bilete frå dei eldste tider og fram til byen kom.
Vi høyrer om Stakalleneset, der det var økseproduksjon i steinalderen. Om bergkunsten i Ausevika frå bronsealderen, som i dag er eit kulturminne av stor nasjonal verdi. Ytst i havgapet på Kinn vart det i mellomalderen bygd ei steinkyrkje, på ein stad som i dag ligg utanfor allfarveg. Men den gongen låg Kinn ved "riksvegen", og nær fiskefelta. Frå 1600-talet var Svanøya eit viktig sentrum, både som futegard, adelssete og frå 1800-talet eit samfunn av driftige haugianarar.

Historia om Flora bind 2 tek føre seg perioden frå 1860 og fram til 1945 og fortel korleis menneska har levd og livberga seg på kysten av Sunnfjord i ei tid med store endringar. Dampskipet, snurpenota, telefonen, skulestova, lokalavisa - ei mengd ulike materielle og åndelege framsteg sette preg på byen og bygdene våre. Men utviklinga gjekk som ein storm med høge sjøar - økonomisk krise og nedgangstider avløyste velstand og utvikling. I krigsåra 1940-45 var Flora ein del av Festung Norwegen, med stor tysk aktivitet. 

Begge bøkene er rikt illustrerte.






Ordinær: Kr 896,00
Kr 599,00

Legg i handlekorg