Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Bernt Tunold

Vestlandsmålar i grønt og grått





Redaktør/forfattar: Landro, Jan H.

ISBN: 9788282401104

Utgitt: 2016

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 360

Mål/vekt: 22x24 cm / 1497 g

Serie: Kunstnarbiografi

Facebook Twitter


Bernt Tunold (1877-1946) var ein av våre fremste målarar på 1900-talet - og vestlandsmålaren framfor nokon. Ingen skildra det grøne Vestlandet som Tunold. I unge år hamna han i skuggen av vennen Nikolai Astrup, men gjekk seinare sine eigne vegar. Mykje av livet sleit han med eigne demonar og ytre vilkår som gjorde kunstnarlivet vondt og vanskeleg.

Bernt Tunold var frå Selje i Nordfjord, budde i periodar i Sigerfjord i Vesterålen og Hyen i Nordfjord, men hadde størstedelen av livet heimen sin i Bergen. Motiva sine, helst landskap og gamle tun, fann han over heile Vestlandet. Frå midten av trettiåra fekk stilleben og interiør ein sentral plass i kunsten hans.

Forfattaren har reist i Tunold sine fotspor til dei mange stadene han vitja med staffeliet og paletten. Han har snakka med folk som kjende Tunold, sett Tunold-bilete på mange vegger, og har saumfare det som finst av skriftlege kjelder. Den personen som stig fram er ein heroisk kunstnar, som aldri gav opp å måle, og som endå i vanskelege tider skapte noko av sin finaste kunst.

Boka inneheld kring 375 illustrasjonar, av dette over 200 måleri og teikningar, og ei verkliste med kring 750 måleri og teikningar av Bernt Tunold.





Ordinær: Kr 448,00
Kr 298,00

Legg i handlekorg