Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Nordfjordboka

Kulturhistorisk vegvisar





Redaktør/forfattar: Tvinnereim, Jon

ISBN: 9788282401050

Utgitt: 2016

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 512

Mål/vekt: 22 x28 cm / 2305 g

Facebook Twitter


Nordfjord er det fagre Vestlandet i miniatyr, med brear og høgfjell, storm ved Stad og lune fjordarmar. Her er eit levande nærings- og kulturliv og ei rik kulturhistorie med mange attraksjonar.
Nordfjordboka er eit kunnskapsverk og ein vegvisar om Nordfjord. Arbeidet er inspirert av Jacob Aaland, som heilt frå 1890-åra hadde planar for eit historisk verk for heile regionen. Den første delen, «Soge og samtid», har 28 artiklar om alt frå arkeologi og fiske til byggjeskikk, kunst og idrett. Den andre delen, «Nordfjord rundt», er ei kulturhistorisk reise gjennom sju kommunar: Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal, med omtale av kulturminne, bygningar, verksemder og sentrale personar.
Nordfjordboka er illustrert med over 1300 gamle og nye foto, kart og kunstverk. Tekstane er skrivne av fagfolk. Dette er boka er for alle som ønskjer å lære Nordfjord betre å kjenne - både fastbuande og tilreisande. 

Jon Tvinnereim (f. 1936) frå Stryn er hovudforfattar. Han er historikar, førsteamanuensis og tidlegare rektor ved Høgskulen i Volda, og har skrive ei rad bøker med kulturhistoriske emne frå Nordfjord. 

Redaksjon: Sverre Folkestad og Torkjell Djupedal. Forfattarar av emneartiklar: Georg Arnestad, Ingrid Berger, Hans Kolbein Dahle, Ove Eide, Petter Eide, Ståle Fitje, Sverre Folkestad, Eldbjørg Fossgard, Kristin Fridtun, Inge Fænn, Asbjørn Gjengedal, Berit Gjerland, Elin Grytting, Annette Holme, Ole J. Johannessen, Karl-Egil Johansen, Anders Kvernberg, Yngve Nedrebø, Atle Nesje, Kolbjørn Nesje Nybø, Karin Walen Rindal, Rasmus Sunde, Arne Sølvberg, Jon Tvinnereim og Jon Ytrehorn.

Utgjevarar: Nordfjord sogelag og Selja Forlag


Innhald

Del 1:
Nordfjord - soge og samtid


Nordfjord
Jon Tvinnereim Nordfjord
Georg Arnestad Nordfjordingen

Natur og næring
Atle Nesje Geologi og landskap
Berit Gjerland Førhistorie og mellomalder
Hans Kolbein Dahle Landbruk
Hans Kolbein Dahle Fjordhesten
Karl Egil Johansen Fiskeri
Ingrid Berger Nordfjordbåten
Karin Walen Rindal Samferdsle
Annette L. Holme Industri
Inge Fænn Reiseliv

Samfunn
Yngve Nedrebø Styresmakter
Ole-Jørgen Johannessen Stadnamn
Yngve Nedrebø Befolkning
Rasmus Sunde Utvandring
Ove Eide Skular
Sverre Folkestad Lag og organisasjonar
Anders Kvernberg Gamle kart

Kultur
Asbjørn Gjengedal
og Jon Ytrehorn Kyrkje og kristenliv
Kristin Fridtun Nordfjordmåla
Ove Eide Litteratur
Kolbjørn Nesje Nybø Byggeskikk
Ståle Fitje Kunst
Petter Eide Folkedrakter
Arne Sølvberg Folkemusikk og dans
Elin Pehrson Grytting Folkesong
Eldbjørg Fossgard Kvinner og matstell
Inge Fænn Idrett

Del 2:
Nordfjord rundt


Selje
Selje kommune • Selje sentrum • Selja Moldefjorden-Mannseidet-Kjøde • Pollane og Barmen • Nordsida av Stad og Leikanger • Dragseidet • Fure • Hoddevika • Morkadalen • Ervik • Vestkapp

Vågsøy
Vågsøy kommune • Måløy • Raudeberg Silda • Halsøyr-Refvik • Kvalheim-Kråkenes Vågsøya sør • Deknepollen-Allmenningen Ulvesundet • Bryggja og Maurstad

Bremanger
Bremanger kommune • Svelgen • Botnane-Gulafjordane • Ålfoten • Davik • Rugsund • Vingen Skatestraumen • Berle • Bremanger Smørhamn og Novelandet • Frøya og Kalvåg

Eid
Eid kommune • Nordfjordeid • Naustdal-Haugen-Hjelmelandsdalen • Stårheim • Kjølsdalen • Eidselva • Langs Hornindalsvatnet • Sørsida av Eidsfjorden • Lote • Hennebygda

Gloppen
Gloppen kommune • Sandane • Kleivedammen-Indre Gloppen-Bukta • Austrheim • Vereide • Breim • Sørstranda • Nesjane • Hyen

Stryn

Stryn kommune • Stryn sentrum • Nedstryn Faleide • Markane • Fjelli og Blakset Randabygda • Oppstryn • Loen og Lodalen Olden og Oldedalen • Innvik • Utvik

Hornindal
Hornindal kommune • Grodås • Lødemel Indre Hornindal • Otterdal • Kjøs  





Kr 498,00

Denne boka er utseld