Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Selje prestegard

Prestegarden gjennom 200 år





Redaktør/forfattar: Skaug, Terje

ISBN: 9788282400978

Utgitt: 2015

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Mjukbind med klaff

Sidetal: 88

Mål/vekt: 21x24

Serie: Prestegarden gjennom 200 år

Facebook Twitter


Boka fortel historia om Selje prestegard med vekt på dei siste 200 åra.
Prestegardstunet inst i Seljevågen, med seks freda bygningar, er ei perle, som framleis er prestebustad. Her har kjende prestar budd, m.a. "potetpresten" Peder Harboe Frimann. Sonen, diktarpresten Claus Frimann var fødd her i 1746.
På klosterøya Selja, som i stor grad høyrde til prestegarden, vart målaren Bernt Tunold fødd i 1877. Boka fortel også om tettstadutviklinga i Selje sidan sentrum ligg på prestegardens grunn. Det handlar også om jordbruksdrifta i tidlegare tider, om den særmerkte prestegardshagen frå 1700-talet, og om skogplantinga på Ersholmen på 1870-talet. Og om forfattar, nobelprisvinnar og katolikk Sigrid Undset som forgjeves prøvde å kjøpe seg tomt på Selja i 1920-åra, for å kome så nær den heilage Sankta Sunniva som råd.
Boka inngår i ein serie på fem bøker om historisk viktige prestegardar som Opplysningsvesenets fond har ansvar for. Dei andre prestegardane i serien er Lesja (Oppland), Nesset (Møre og Romsdal), Meldal (Sør-Trøndelag) og Verdal (Nord-Trøndelag).





Kr 200,00

Legg i handlekorg