Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Årboka for Sogn og Fjordane 2014




Redaktør/forfattar: Rørvik, Torbjørn

ISBN: 9788282400879

Utgitt: 2015

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 272

Mål/vekt: 21x30 cm / 1500 g

Serie: Årboka for Sogn og Fjordane

Facebook Twitter


ÅRBOKA FOR SOGN OG FJORDANE 2014 viser nok ein gong fjordfylket frå mange ulike sider. Som i dei føregåande 21 årgangane i serien har målet vore å hente fram saker som kvar for seg er bitar i eit puslespel. Til slutt skal dei ulike bitane vise eit bilete av fylket vårt slik det ser ut i 2014.

Den store brannen i Lærdal har sjølvsagt fått ein stor plass i boka. Det same har oktoberflaumen som gjorde skader for hundrevis av millionar kroner kringom i fylket.

Men vi syner ikkje berre fram sogningen og fjordingen sin kamp mot naturkrefter og katastrofar. Du vil sjølvsagt finne mange saker frå eit mindre dramatisk daglegliv. Nokre med smil og glede, andre med ei tåre i augekroken.

Kultur og sport har også i år fått sin fortente plass i boka. Fylket hadde med fem utøvarar i dei store idrettsfestane i russiske Sotsji. Har du gløymt korleis det gjekk, kan kanskje Årboka fungere som ei minnebok.

Kvar handlar vi mest, korleis reiser vi, kva vin drikk vi, kvar er det billegast å kjøpe hus og hytte, kva kommune har dei flinkaste elevane og kva slags hundar held vi oss med? Dette er berre nokre av spørsmåla den fyldige statistikkdelen kan gje svar på. Med andre ord faktaopplysningar om eitt og hitt om fylket slik det er i dag, og var i går.

Boka har eit namneregister med nær 1000 namn.




Ordinær: Kr 478,00
Kr 98,00

Legg i handlekorg