Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Årboka for Sogn og Fjordane 2013




Redaktør/forfattar: Rørvik, Torbjørn

ISBN: 9788282400763

Utgitt: 2014

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 272

Mål/vekt: 21x30 cm / 1500 g

Serie: Årboka for Sogn og Fjordane

Facebook Twitter


Årboka for Sogn og Fjordane 2013 tek temperaturen på eit fylke som feira 250 år. Gjennom boka får du høve til å vere med på nokre av arrangementa som har markert jubileet kringom i Sogn og Fjordane.

2013 har elles blitt prega av dei mange og store ulykkene langs vegane våre. Vi har framleis brannen i Gudvangatunnelen friskt i minne. Då det tok til å brenne i ein lastebil vart nærare 80 trafikantar jaga på flukt i den bekmørke og røykfylte tunnelen. Busskollisjonen i Sogndal, kapringa i Årdal og den kraftige bilulukka i Våtedalen fekk alle eit langt meir tragisk utfall. I alt 12 personar omkom i trafikkulukker i fylket vårt i 2013.

Under stortingsvalet i september røysta fleirtalet i Sogn og Fjordane raudgrønt, men landet totalt sett gav oss blå regjering. I denne stortingsperioden vert vi utan statsrådar frå fjordfylket.

På sportsfronten markerer vi at lokale utøvarar er blitt ein berebjelke på skiskyttarlandslaget. Mange medaljar frå internasjonale meisterskap, både frå junior- og seniornivå, vart med utøvarane våre heimatt. Meir om sportslege prestasjonar lokalt, nasjonalt og internasjonalt finn du sjølvsagt i den fyldige faktadelen. Der finn du også mange statistikkar om folkesetnad, økonomi, samferdsle og næringsliv.

Boka har eit namneregister med nær 1000 namn.




Ordinær: Kr 468,00
Kr 98,00

Legg i handlekorg