Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Båtar med sjel II

67 fiske- og fraktebåtar frå Sogn og Fjordane





Redaktør/forfattar: Jan Petter Hoddevik, Ingolf Austgulen / Steinsund, Hans H. / Toft, Malvin / Torvanger, Magnus Helge

ISBN: 9788291722818

Utgitt: 2007

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 184

Mål/vekt: 22x28 cm /1005 g

Facebook Twitter


“Sjøhelt”, “Høvding” og “Fiskebas”. Staute namn på båtar som hadde staute karar om bord. Dei var om bord på båtar med namn og båtar med sjel! Dei var fiskarar og sjøfolk som, slik det heiter i salmen, berre hadde “ei fjøl mellom seg og si grav”.

Denne boka er oppfølgjaren av boka “Båtar med sjel” som kom ut på Selja forlag i 2002. Den gongen fortalde Malvin Toft om 78 fiske- og fraktebåtar frå Sogn og Fjordane. No har han fått med seg fire andre skribentar. Dei fortel om fleire fiske- og fraktebåtar frå heile kysten av Sogn og Fjordane, både fiskebåtar og frakteskuter, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Her er seglskuter, dampbåtar og motorbåtar, som høyrde heime frå Selje i nord til Gulen i sør. Nokre av dei er framleis i fart.


Båtar med sjel II inneheld
• Omtale av kvar enkelt båt og dei som arbeidde om bord
• Skildringar av livet om bord, kvardagsliv og dramatiske hendingar
• Faktaopplysningar om kvar båt
• Eit eineståande biletmateriale med kring 200 foto




Kr 348,00

Legg i handlekorg